Home » Nytt frå Herøy-sokna

Nytt frå Herøy-sokna


Vi er komen til «Festmånaden mai»! Vi har 1. og 8.mai som vi markerer, konfirmasjonsgudstenester, 17.mai, Kristi himmelfartsdag og i år har vi også pinsa i slutten av månaden. Det er mykje å takke for og mykje å glede seg til!

Konfirmasjonsgudstenester i Indre Herøy kyrkje og i Herøy kyrkje.
I år har vi hatt den store gleda av å bli kjende med mange kjekke ungdommar igjen. Å konfirmere seg hos oss vil seie at dåpen blir bekrefta. Dåpen er Guds gåve til oss og er eit synleg teikn på Guds kjærleik og at den døypte er ein del av kyrkja. I konfirmasjonen blir det understreka at alle er like verdifulle i Guds auge, og at Gud bekreftar sine løfter slik dei blei gitt ved dåpen. Vi syng salmar som vi har øvd på gjennom konfirmantåret og gled oss til både høgtid og festgudstenester. Neste søndag er det konfirmantgudsteneste i Leikanger kyrkje og i Herøy kyrkje både laurdag og søndag.
«Strålande Kick Off for Herøy Tensing»
Med over 50 ungdomar samla til musikk, leik, mat, andakt og fellesskap så vart det ein flott start for Herøy Tensing onsdag 19.april. Tensing er for både songglade, speleglade og danseglade, men også for dei som liker det meir tekniske med lyd, bilde mm.
Frå hausten vil vi ha faste øvingar på onsdagskveldane i Herøy kyrkje. Herøy Tensing er for alle ungdommar frå 8.klasse og oppover. Ta kontakt med diakon Ragnhild Danbolt Øygard ved Herøy kyrkjekontor om du lurer på noko om Tensing, eller om du kan vere med å hjelpe til praktisk i høve Tensing-kveldane eller om det er noko anna du kan bidra med i høve Tensing-oppstarten i Herøy.

Knøttekor
Onsdag ettermiddag er det tid for Herøy knøttekor igjen. Knøttekoret er for born i førskulealderen (3-6 år). Vi syng barnesongar og deltek av og til på familiegudsteneste og basarar i kyrkja. Øvinga er i gymsalen nede i Kyrkjekjellaren, annankvar onsdag ettermiddag. Ta med deg foreldre eller besteforeldre, sysken og venner, og kom og syng og leik saman med dei andre borna! Velkommen, liten og stor, til Herøy Knøttekor!

Torsdag i kyrkja
Du er hjarteleg velkomen til «Torsdag i kyrkja» som vert arrangert kvar torsdag kveld i Herøy kyrkje. Fyrste timen er kyrkja open for lystenning i kyrkjerommet eller ein kaffekopp på Kyrkjetorget. Den andre timen kan det vere salmekveld, lovsongskveld eller tema. Denne gongen kjem Jens Terje Johnsen og held foredrag over temaet: «Den heilage skrifta/GT i møte med Jesus og den kristne kyrkja».

Konsert i Leikanger kyrkje
Neste søndag 14.mai vert det ein orgelkonsert i Leikanger kyrkje. Kantor Dag Johan Flattun speler musikk av m.a. Bach, Reger og Arild Sandvold i samband med kyrkja sitt 150 års jubileum. Alle er hjarteleg velkomne til konserten søndag kveld.

17.mai-feiring i kyrkjene våre
Etter tradisjonen vert det halde gudsteneste i alle tre kyrkjene i kommunen, i tilknyting til barnetoga, enten før eller etter (sjå annonse). I gudstenesta syng vi saman dei tradisjonelle fedrelandssalmane og les passande bibeltekster og takkar for fridomen vi fekk i og med sjølvstende for landet vårt.
OBS: 18.mai er i år Kristi himmelfartsdag/Helgetorsdag. I og med at denne høgtidsdagen i år er dagen etter nasjonaldagen, så har vi slått oss saman for å feire «ute i det fri» denne dagen. Det vert gudsteneste på føremiddag i «KVIA» på Moltufjellet i høve Kristi himmelfartsdag. Velkomen til samling i «KVIA»!