Home » Nytt frå Herøy-sokna

Nytt frå Herøy-sokna

Påskehøgtida ligg bak oss, men vi er fortsatt i påsketida nokre veker til, iallfall i temaet for gudstenestene søndag etter søndag. Når det gjeld veret, så har vi kanskje hatt den beste påska på nokre tiår. Det er mykje å takke for.

TWEENS – samling i kveld
Er du så heldig at du har ein 6. eller 7. klassing i huset ditt, eller kanskje du kjenner ein slik? Då kan du tipse om at det er klubb i kyrkja for desse i kveld. På fredag samlar vi alle tweensa (6. og 7. klassingar), – frå heile Herøy til klubb i kyrkjekjellaren.
I kyrkjekjellaren har vi det kjekt med kvarandre, speler spel, biljard eller bordtennis, har det gøy i gymsalen eller spelar Xbox. Vi har alltid ei samling om temaet «Aldri Åleine». I kveld står dei vaksne leiarane klar til å ta imot mange kjekke 6. og 7. -klassingar til ei super samling i kyrkjekjellaren.

Gudsteneste i Herøy kyrkje og områdestemne på Kjeldsund.
Dagen startar med ei gudsteneste i Herøy kyrkje. Nils Endre Eikeland frå NMS talar og det blir flaggborg, vakker song og musikk, dåp, søndagsskule og bøn. Etter gudstenesta er alle inviterte til Områdestemne på vakre Kjeldsund. Det blir ein kjekk dag med variert program og opplegg for heile familien. Det er «Knøtteleir» denne helga, og det blir m.a. arrangert «Misjonstivoli» med masse kjekke aktivitetar. Her blir det også sal av pølser og brus. For den som heller vil nyte ein god middag kan du få kjøpe det. Etter middag og god prat er det årsmøte for den som ynskjer og delta på det før dagen blir avslutta med ein variert misjonsfest. Alle er velkomne til gudsteneste og til Kjeldsund på søndag.

«Strålande Kick Off for Herøy Tensing»
Med over 50 ungdomar samla til musikk, leik, mat, andakt og fellesskap så vart det ein flott start for Herøy Tensing på onsdag 19.april. Lurer du på kva Tensing er og om det kan vere noko for nokon du kjenner? Tensing er for både songglade, speleglade og danseglade! Men også for dei som liker det meir tekniske med lyd, bilde mm.
Frå hausten vil vi ha faste øvingar på onsdagskveldane i Herøy kyrkje. Herøy Tensing er for alle ungdommar frå 8.klasse og oppover. Ta kontakt med diakon Ragnhild Danbolt Øygard om du lurer på noko om Tensing, eller om du kan vere med å hjelpe til praktisk i høve Tensing-kveldane eller om det er noko anna du kan bidra med i høve Tensing-oppstarten i Herøy. 

Konsert i Indre Herøy kyrkje
Neste søndag 30.april vert det invitert til konsert i Indre Herøy kyrkje som er ei god og intim konsertkyrkje. Rolf Magne Tømte og fleire frå Knotten-familien har gått saman om ein variert og stemningsfull konsert. 

Ledig stillingar i kyrkja
Vi har to ledige stillingar for tida i Den Norske Kyrkje i Herøy. Det er prest og kateket/kyrkjelydspedagog. Kjenner du nokon som dette kan vere interessant å søke på, så må du gjerne tipse dei. Heile utlysingsteksten kan ein finne på kyrkja si heimeside: www.heroy-kyrkje.no

Årsmøte for Herøy sokn
Torsdag 27.april vert det årsmøte for kyrkjelyden som høyrer til i Herøy kyrkje/sokn. Alle som er medlemar i kyrkja er velkomne til å kome på årsmøtet som gjev god innsikt i alle tilboda i lokalkyrkjelyden.