Home » Nytt frå Herøy sokna

Nytt frå Herøy sokna

Nytt frå Herøy-sokna.

Ingress: Vi er inne i fastetida, etter fastelavenssøndag, blåmandag, feitetysdag og askeonsdag. Fastetida minner oss særleg om å tenke over ein gong til korleis vi lever og samtidig førebu oss til påskeferinga.

Felles fastegudsteneste 26.februar og jubileumsskrift
Vi ynskjer velkomen til felles fastegudsteneste i Leikanger kyrkje på føremiddagen. Det vert gode salmer og songar, dåp, preike og forbøn. Sokneprest Solfrid Leinebø Seljås og kantor Dag Johan Flattun leier gudstenesta. Fleire frå kyrkjelyden deltek.

Vi minner også om at dei to jubileumsskrifta for Leikanger kyrkje er i sal ved kyrkjekaffien ved kvar gudsteneste framover. Du kan også kjøpe det ved kyrkjekontoret i kjellaren på Herøy kyrkje. Alle er hjarteleg velkomne til å feire gudsteneste, frå heile Herøy!

Tilbod om fellesskap/aktivitetar
Kyrkjelydane (Leikanger kyrkje, Indre Herøy kyrkje og Herøy kyrkje) har tilbod for alle aldre. Dei fleste tilboda skjer i Herøy kyrkje, fordi det er ei arbeidskyrkje med mange rom for forskjellig bruk, og der er også kyrkjekontoret for heile Herøy. Ein kan lese meir om dette på kyrkja sine heimesider www.heroy-kyrkje.no.

Torsdag i kyrkja
Komande torsdag, 2.februar, er det «Torsdag i kyrkja» igjen, denne møteplassen som fleire og fleire set pris på. Den fyrste timen vert det open kyrkje med moglegheit for lystenning i kyrkjerommet og ein kaffikopp og ein prat på Kyrkjetorget, eller du trimmer saman med mannstrimmen nede i gymsalen i kyrkjekjellaren denne timen.
Den andre timen har eit tema. Denne gongen kjem Bjørn og Johanne Leinebø med tema og bilete: «Madagaskar, land og folk». Arrangementet er opent for kven som helst, kvar torsdag. Velkomen innom.


Messehakel og JUBILEUM for Herøy kyrkje 20 år
Herøy kyrkje vart vigsla for bruk 16.februar 2003. i det høve vert det sett opp ny dåpskjoleutstilling i Herøy kyrkje rundt påske. Det vil verte fleire jubileumsmarkeringar, men det blir til hausten då også orgelet er 20 år. I høve jubileet vil vi peike på at utsmykkinga i Herløy kyrkje har kjende kunstnarar hatt ansvaret for. Det siste som er bestilt til kyrkja er ein kvit messehakel. Det er den kjende tekstilkunstnaren Åse Eriksen som har designa og vevd den. Messehakelen har ein flott botnfarge som gjer at messehakelen kler kyrkjerommet svært godt. Messehakelen vert stilt ut på kyrkjetorget i tida framover, så fleire får sett den på nært hald, og vert å sjå i bruk 1.påskedag.   

Konsert på søndag og andre konsertar
Søndag vert det invitert til konsert i Indre Herøy kyrkje som er ei god og intim konsertkyrkje. Ein av Sande kommunes songfuglar Kevin Andre Søvre Myklebust og ein av Herøys unge songfuglar, Andrine Berge, lovar ein stemningsfull konsert.  
Vi har fleire konsertar i Herøy-kyrkjene utover våren. Vi nemner her berre søndag 5.mars med Dalsfjord mannskor i Herøy kyrkje. Søndag 19.mars blir det ein jubileumskonsert i Leikanger kyrkje. Torsdag 23.mars blir det konsert «Jobs bok» ved Ola Eide og Viggo Solum i Herøy kyrkje. Torsdag 13.april vert det «Påska i ord og tonar» ved Guri Aasen. Søndag 16.april kjem Magne Fremmerlid saman med mannskor m.m. Les meir om dette og andre konsertar på www.heroy-kyrkje.no

Ledig stilling: Vikar for kyrkjeverje
Vi har ut ei utlysing for vikariat for kyrkjeverje. For tida er Olaus Jon Kopperstad vikar i denne stillinga. Er du god til å kommunisere, er løysingsorientert og har leiarerfaring? Ja, då skal du kanskje søke? Dette er ei spennande og sentral stilling i Herøy som handlar om forvalting og administrasjon, i samarbeid med tilsette og friviljuge. Har du lyst til å gjere noko anna ei tid, så har du sjansen no til å søke permisjon og teste ut kva denne stillinga kan by på av gleder og utfordringar.