Home » Nye konfirmantar

Nye konfirmantar

Nye konfirmantar
Tysdag 6.juni var det informasjonsmøte i Herøy kyrkje for komande kyrkjelege konfirmantar med føresette, frå alle tre sokna: Leikanger, Indre Herøy og Herøy sokn. Mange møtte, og fleire påmeldingar har vi fått. Vi vil likevel berre minne om at det er lurt å melde seg på snart til nytt konfirmantår til Herøy kyrkjekontor. I løpet av konfirmantåret vil konfirmanten få lære meir om seg sjølv og den kristne trua. Dei kan mellom anna velje ei interessegruppa som heiter KRIK villmark, Innsats for andre, baking eller «Tensing-konfirmant», i og med at vi starter opp Herøy Tensing frå hausten av. Aktuelle kan melde seg på ved å gå inn på: https.//minkirkeside.no/heroy. Har du spørsmål kan dei sendast til diakon ragnhild.danbolt.oygard@heroy-kyrkje.no eller sokneprest solfrid.leinebo.seljas@heroy-kyrkje.no

Om nokon ikkje er døypte, så kan ein likevel starte på konfirmantåret og evt verte døypt før konfirmasjonsgudstenesta. Velkomen som konfirmant til oss.