Home » NYE KONFIRMANTAR – Informasjonsmøter i dag 06.juni

NYE KONFIRMANTAR – Informasjonsmøter i dag 06.juni

NYE KONFIRMANTAR – Informasjonsmøter i dag 06.juni

Ungdomane er inviterte med føresette til informasjonsmøte om konfirmantåret 2023/2024, i Herøy kyrkje tysdag 6.juni kl 18.00 og kl 20.00, dvs dei kan velje eit av klokkesletta.

På møtet vil det bli informert om dei ulike tilboda og aktivitetane vi har i løpet av konfirmantåret, viktige datoar, korleis ein kan melde seg på og kva som er viktige tema for året. Vi dreg mellom anna på leirdag på Kjeldsund og Hekta-leir på Lillehammer og har samlingar gjennom året med ulike tema: Gud, tru, sjølvbilete, solidaritet, kjærleik og relasjonar m.m. Prest, diakon og kyrkjelydspedagog gleder seg til å treffe dei nye konfirmantane. Velkomne! 🙂

Her er link til påmeldingsskjema:

https://minkirkeside.no/Heroy/