Er du nysgjerrig på korleis det er å vere konfirmant i kyrkja? Vil du lære meir om deg sjølv og den kristne trua? Herøy kyrkje, Indre Herøy kyrkje og Leikanger kyrkje inviterer med dette deg og ein av dine føresette til informasjonsmøte om konfirmantåret 2020/2021, i Herøy kyrkje tysdag og torsdag i neste veke. På møtet vil vi informere om dei ulike aktivitetane vi har i løpet av konfirmantåret, viktige datoar, korleis ein kan melde seg på og kva som er viktige tema for året. Vi dreg mellom anna på leir på Kjeldsund og Orreneset (Strandafjellet) og har samlingar gjennom året med fleire ulike tema: Gud, tru, sjølvbilete, solidaritet, kjærleik og relasjonar m.m. Grunna Coronareglane vert det påmelding til informasjonsmøtet.
Stad: Herøy kyrkje
Tid: Tysdag 26. mai kl. 17.00 eller 19.00, eller torsdag 28.mai kl. 17:00
Påmelding til møtet sendast til ein av oss nedanfor.
e-post/ tlf: karl.anders.brendmo@heroy-kyrkje.no (41860789)
eller karoline.husoy.kopperstad@heroy-kyrkje.no (41860785)
Mvh konfirmantleiarane,
Siril, Bjørn, Karl Anders og Karoline
