
Tysdag 6.juni er komande kyrkjelege konfirmantar inviterte til eit informasjonsmøte i Herøy kyrkje. Kanskje kjenner du som les dette ein 8.klassing som er nysgjerrig på korleis det er å vere konfirmant i kyrkja? Tips dei gjerne om informasjonsmøtet.
I løpet av konfirmantåret vil konfirmanten få lære meir om seg sjølv og den kristne trua? Informasjonsmøtet vert felles for Herøy kyrkje, Indre Herøy kyrkje og Leikanger kyrkje.
Ungdomane er inviterte med føresette til informasjonsmøte om konfirmantåret 2023/2024, i Herøy kyrkje tysdag 6.juni kl 18.00 og kl 20.00, dvs dei kan velje eit av klokkesletta.
På møtet vil det bli informert om dei ulike tilboda og aktivitetane vi har i løpet av konfirmantåret, viktige datoar, korleis ein kan melde seg på og kva som er viktige tema for året. Vi dreg mellom anna på leirdag på Kjeldsund og Hekta-leir på Lillehammer og har samlingar gjennom året med ulike tema: Gud, tru, sjølvbilete, solidaritet, kjærleik og relasjonar m.m. Prest, diakon og kyrkjelydspedagog gleder seg til å treffe dei nye konfirmantane.