– Med aktørar frå Herøy, Sande, Ulstein, Volda, Giske og Svelvik i Herøy kyrkje
Sorg og smerte i samband med t.d. dødsfall, sjukdom og oppløyste samlivsforhold, er noko mange menneske møter i livet. I konsertar i Herøy kyrkje i mars, vil ein bruke song og musikk til å tolke kjensler, lindre sorg og smerte og gi påfyll av krefter. Å bruke song og musikk utan å knyte dette til noka spesiell ulykke/dødsfall, er nytt i Herøy. Men i Ulstein, Hareid og Ørsta har ein i 2-10 år opplevd god oppslutning om liknande arrangement.
Programmet er sett saman av nasjonalromantiske, profane og åndelege songar, og byr på noko for ein kvar smak. Songarar/musikarar frå Sande, Ulstein, Volda, Giske, Svelvik og Herøy vil delta. Det vert to konsertar å velje mellom, med nesten identisk program. Fylgjande vil vere med i begge konsertane: Cecilie Schilling, mezzosopran frå Svelvik. Annette Sollie Hagen, Skodje/Valderøy, harpespelar. Odd- Kåre Fløtre, Volda, pianoentertainer og vokalist.
Om sorg
Linn Therese Sævik vil dele røynsle om sorg. Sokneprest Bjørn Leinebø vil halde ein kort minnetale/dele kveldstankar, og det vert ei felles (kyrkje-) bøn. I ei bønekrukke ved inngangsdøra kan ein leggje samanbretta lappar med bøneønskje. Lappane vert makulerte (ulesne) etter kyrkjebøna.
Ulstein mannskor – Sande kantori
Laurdag 21. mars vil eit felleskor av Ulstein mannskor og Herøy mannskor delta, i tillegg til Herøy kyrkjekor. Søndag 22. mars vil det bli song av Sande kantori og Runde blandakor. Etter konsertane kan ein tenne lys og prate med kvarandre. Sanitetskvinner vil ordne med kyrkjekaffi. Konsertane er tverrkyrkjelege.
For at folk skal vere garantert plass, vert det førehandssal av billettar i Fosnavåg og Ulsteinvik. Eventuelt overskot vil gå til vedlikehald av Sanitetshuset på Eggesbønes. Dette vart bygd i 1929 som eit minisjukehus. Pasientane kom frå Molde i nord, til Volda og Vanylven i sør.
Universelt hjertespråk
Sorg, sakn, smerte, sjukdom, einsemd, depresjon og kanskje mangel på håp og livslyst, snakkar vi ikkje mykje om i vår travle kvardag. Song og musikk kan hjelpe oss til å gi uttrykk for noko vi synest er vanskeleg å setje «vanlege» ord på. Så er musikk eit universelt hjertespråk. Visjonen bak konsertane er at dei skal vere «av mange – for alle», ikkje berre for dei som sørgjer eller har ei personleg gudstru. Ung eller gammal, glad eller sorgfull, er like velkomne! Dei gode song- og musikk-kreftene stiller opp fordi dei trur at slike konsertar kan fylle eit behov. Difor er vona at folk frå eit stort distrikt vil møte fram i Herøykatedralen, der det er god plass og svært god akustikk. Om berre eitt menneske får hjelp og trøyst av minnekonsertane, er målet til initiativtakarane nådd.