Home » Med salmar i sentrum

Med salmar i sentrum

Morten Samuelsen har med ei sereigen og varm stemme og ein unik formidlingsevne nådd mange hjarter med songen sin. Han har sunge sidan han var 8 år og vore med på fleire cd-produksjonar i grupper og som solist og i 2011 kom han ut med sin første solo-cd.
Våren deltok han 2015 på Norske talenter der han rørte heile kongeriket med m.a. songen «Bring him home» frå «Les miserables»

Dei to siste åra har han reist rundt i heile landet med sin eigen salmekonsert «Med salmar i sentrum» og laurdag 6. oktober kjem han til Herøy kyrkje med denne salmekonserten. Han vil spele salmar og songar han har skreve sjølv, han vil og seie litt om eigna songar og litt om det å vere kristen i kvardagen.