Home » Lysvaken og utdeling av Bibel.

Lysvaken og utdeling av Bibel.


I helga går arrangementet «Lysvaken» av stabelen. I det høve vert det ei gudsteneste søndag føremiddag i Leikanger kyrkje med utdeling av Bibler til dei som går i 6.trinn i Indre Herøy og på Leikong. Alle i 6.trinn kan kome og ta imot sin Bibel, sjølv om dei ikkje har høve til delta på Lysvaken-arrangementet av ulike grunnar. Bibelen er framleis den mest solgte boka i verda, og er svært viktig å kjenne til, for å forstå det samfunnet som vi er ein del av. Indre Herøy sokneråd og Leikanger sokneråd ynskjer å gje Bibelen i gåve til alle. På grunn av corona vart ikkje dette arrangementet noko av i fjor då dei gjekk på 5.trinn dessverre. Difor vert Bibelen i år delt ut til desse barna no når dei går på 6.trinn.

Dei som deltek på gudstenesta er Prest Kjell Roger Isene, Organist Vinjar Drage, Kyrkjelydspedagog Karl Anders Brendmo, Kyrkjetenar og klokkar er Oddgeir Valen. Elles deltek både 6 klassingar og konfirmantar.

Velkomen til ei kjekk gudsteneste for heile familien.