Home » Lysvaken og utdeling av Bibel.

Lysvaken og utdeling av Bibel.

I helga går arrangementet «Lysvaken» av stabelen, både laurdag og søndag. I det høve vert det ei gudsteneste søndag føremiddag i Herøy kyrkje med utdeling av Bibler til dei som går i 6.trinn på skulane i Ytre Herøy. Alle i 6.trinn kan kome og ta imot sin Bibel, sjølv om dei ikkje har høve til delta på Lysvaken-arrangementet av ulike grunnar. Bibelen er framleis den mest solgte boka i verda, og er svært viktig å kjenne til, for å forstå det samfunnet som vi er ein del av. Herøy sokneråd ynskjer å gje Bibelen i gåve til alle. På grunn av corona vart ikkje dette arrangementet noko av i fjor då dei gjekk på 5.trinn. Difor vert Bibelen i år delt ut til desse barna no når dei går på 6.trinn. Prest Rolf Dyrhol og kyrkjelydspedagog Karoline Husøy Kopperstad, organistvikar Ann Kristin Frantsen er nokre av dei som deltar i gudstenesta m.fl. 


Samtidig er det gudsteneste i Indre Herøy kyrkje der elevane på 5.trinn frå skulane i Indre Herøy og på Leikong er inviterte til å få kome til gudstenesta for å ta imot sin eigen Bibel. Prest Kjell-Roger Isene, diakon Ragnhild Danbolt Øygard m.fl deltar i gudstenesta. Søndag er det såmannssøndagen i kyrkjeåret, og vi markerer Bibeldagen i desse to kyrkjene. Søndagens takkoffer går til Det Norske Bibelselskap. Samtidig som Ukraina ruster opp langs grensene, så ber kyrkjene i Ukraina om hjelp til å dele ut Bibler til folket sitt. Årets offergåve på Bibeldagen skal gå til å hjelpe Ukraina med dette. Vel møtt i begge kyrkjene på søndag. Arr.: Den Norske Kyrkje i Herøy.