Home » Lys Vaken

Lys Vaken

Lys Vaken
Søndag 13.nov vert det Lys Vaken-gudsteneste i både Herøy kyrkje og i Leikanger kyrkje på føremiddagen. Born som går i 6.klasse har fått invitasjon om å vere med på ei veldig kjekke helg, både laurdag 12.nov og søndag 13.nov. Lys Vaken er eit av trusopplæringstilboda som vi har i Herøy-kyrkjene, og det brukar å vere populært å vere med på. Lys vaken-helga har mykje leik, song, dans og kreativitet i seg. Lys Vaken-arrangementet handler om å vere vakne overfor det som skjer i og rundt oss. Vi skal vere vakne overfor Gud, kvarandre og oss sjølve.  Denne søndagen har vi også fokus på dei forfulgte. Rundt i verda er det mange som blir forfulgte for trua si, og den største gruppen av desse er kristne. Vi samler også inn penger som går til å støtte bibelomsetjing og misjonsarbeid, slik at fleire av dei forfulgte kristne kan få Bibelen på sitt språk og kan få oppleve støtte av kristne i Norge. Velkomen til å vere med på familiegudsteneste der 6.klassingane framfører noko av det dei har lært denne helga, både i Leikanger kyrkje og i Herøy kyrkje søndag føremiddag. Gudstenestene er opne for alle. Arrangør: Den Norske Kyrkje i Herøy.