Home » Litt om konsertar i kyrkja til våren.

Litt om konsertar i kyrkja til våren.

Vi har glede av å husa fleire kulturelle arrangement i kyrkjene våre til våren.

Vi må kunngjere nokre endringar i kulturprogrammet. Vi er no i gang med å dele ut program til våren i postkassene med overskrifta «Gudstenester våren 2023» der er ei oversikt over gudstenester til våren og på baksida er ei oversikt over konsertar og andre arrangement.

Der står det m.a. at det er jubileumskonsert i Leikanger kyrkje søndag 19. mars. Dette er ein orgelkonsert i samband med Jubileumsåret i Leikanger kyrkje. Denne må dessverre flyttast og ny oppføring av denne konserten vert 14. Mai. Då vil kantor Dag Johan Flattun presentere eit utvalgt repertoar som trekker stilistiske og historiske linjer mellom instrument og rom.  

Den 16. april er det satt opp ein orgelkonsert i Herøy kyrkje, dette arrangementet må og flyttast då får vi konsert med Magne Fremmerlid som har med seg eit mannskor og utvalgte musikarar. Den planlagte orgelkonserten vil bli oppsatt 28. Mai. Då skal kantor Dag Johan Flattun spele verker av Cesar Franck i samband med at han vart 200 år i 2022.