Ein unik kyrkjekjellar med kafe, vrimleområde, spelerom, gymsal/ aktivitetsrom i Herøy kyrkje står snart klar! Dette gir oss nye mulegheiter for eit variert og kreativt ungdomsarbeid i kyrkja.
Vil du vere med å koordinere og skape aktivitet blant barn og unge i kyrkjelyden?
Du vil verte med i teamet saman med trusopplærar, kyrkjelydspedagog og prestar!
For Herøy sokn er det ledig to stillingar. Stillingane kan søkjast på separat eller saman.
Ungdomskoordinator 50%
Hovudoppgåver:
Leie, koordinerer og vidareutvikle Fredagstreffet med ein tydeleg kristen profil og klare grenser for ungdom.
Ha ei koordinerande rolle mot barne- og ungdomsarbeidet i den nye kjellaren, og vi ynskjer at du jobbar aktivt saman med ungdomane også inn mot gudstenester.
Du skal elles ta del i konfirmant,- KRIK og barne- og ungdomsarbeid elles i kyrkja. .
Mykje av dette arbeidet skjer på ettermiddags- og kveldstid, men du vil få ordna arbeidstilhøve med regulert fritid
Arbeidsstaden er i Herøy kyrkje, og du vil få kontorfelleskap med ein stor stab der det er 2 andre heile stillingar som jobbar med barne- og ungdomsarbeid i fellesrådsområdet.
LEIAR OPEN BARNEHAGE 20%
Hovudoppgåvene å ha ansvar for drift av lavterskeltilbodet «Open Barnehage» som er lokalisert i eigne flotte lokale i kyrkjekjellaren. Open barnehage er kvar onsdag kl. 10-14.
I tillegg skal du ta del i teamarbeidet saman med ungdomskoordinator, trusopplærar og kyrkjelydspedagog i anna barnearbeid i kyrkjelyden.
Vi søkjer ein/fleire personar med eit kristent engasjement som kommuniserer godt og trivast med barn og ungdom!
Den som vert tilsett må vere medlem i Den norske kyrkje, ha sertifikat, disponere bil og beherske norsk både skriftleg og munnleg .
For begge stillingane gjeld at ein må vere medlem i den norske kyrkja.
For spørsmål om stillingane ta kontakt med Herøy sokneråd v/Kristin Monsen Lystad mob 9005178 eller kyrkjeverje Marit Sævik Leinebø mob 99566990, eller sjå www.heroy-kyrkje.no
Søknad med CV sendast til kyrkjekontoret@heroy-kyrkje.no . Søknadsfrist 16.11.2004.