I år tek vi ein rundtur til kommuner sør for oss. De kan gå på undervegs, også i Stoksund og Myrvåg. Vi køyrer innom heile ni kommuner på rundturen. For dei fleste er vi på kjende vegar, men desto betre tid blir det då til koseleg prat og song på bussen. Vi besøker Stårheim kyrkje og friskar opp songar og kunnskap om Matias Orheim. Kaffipausa vert på Nordfjordeid. Deretter går turen til Lote og Panoramavegen mot Stryn og Oppstryn. Vi skal ikkje over Strynefjellet, så der snur vi, etter fyrst å ha kosa oss med god middag. Heimvegen går den indre leia, den med så mange nye tunnelar. Damene i diakonigruppa, prest og kantor lover å ta godt vare på dykk, og hjelpe til når det trengs. Turen vert tysdag 5.september. Ring kyrkjekontoret for å melde deg på. De får brev med nærare opplysningar seinare.
Diakoniutvalet v/ Inger Vikene