Home » KVELDSMESSE PÅ SØNDAG KL. 20.00

KVELDSMESSE PÅ SØNDAG KL. 20.00

Herøy kyrkje får besøk frå Sande til kveldsmessa komande søndag. Ines Vatne er samtalegjest, og koret hennar Sande Kantori skal syngje.

Ines Vatne er organist i Sande. Ho er utdanna kantor frå Tyskland, og fann seg i si tid ein medisinarstudent frå Sunnmøre. Dermed hamna ho i Herøy, med arbeidsstad i Sande. Saman med mann og barn er ho busett på Remøya der familien har overteke og renovert eit eldre hus. Sigmund Aksnes skal leie samtalen med Ines.

Ved sida av å vere organist, er Ines Vatne også dirigent for Sande Kantori. Det er Gursken/Larsnes-området sitt kyrkjekor, som har etablert seg som eit svært dyktig blandakor med Ines som leiar.

Jens Terje Johnsen leier kveldsmessa, Kjell Roger Isene er liturg og Dag Johan Flattun sit ved orgelet. Eit kvarter før kveldsmessa tek til, vert det salmeøving leia av seks forsongarar frå galleriet. Og kyrkjekaffien etterpå brukar å vere populær. Kveldsmessa tek denne gongen til ein time seinare enn vanleg.