Home » Kveldsmesse

Kveldsmesse

Klosternonne og Herøy Brass

 i kveldsmessa i Herøy kyrkje søndag 17. september

 

 

Dei populære kveldsmessene i Herøy kyrkje startar haustsemesteret søndag 17. september med storfin musikk av Herøy Brass og eit spennande besøk av ei nonne frå Tautra Kloster.

 

Anne Elizabeth Sweet er ei amerikansk kvinne som kom til Norge, gjekk inn i Cistercienserordenen og vart nonne i det nyetablerte Mariaklostert på Tautra i Trondheimsfjorden. I samtale med Jens Terje Johnsen vil ho m.a. fortelje korleis ein ”moderne” nonnekvardag er.

 

Herøy Brass stiller i kveldsmessa med noko av det rikhaldige repertoaret sitt. Korpset vart nyetablert i 2003 og dei om lag 30 musikarane kjem frå både Herøy og Sande. Med Kjellstein Knotten som dirigent har dei utvikla seg til eit verkeleg kvalitetskorps som har hatt mange spennande konsertar. Søndag 17. september vert dei på ny å høyre i Herøy kyrkje.