Home » Kveldskøyring med KRIK Villmark

Kveldskøyring med KRIK Villmark

ONSDAG 7.3. kan du vere med KRIK Villmark på kveldskøyring i Hornindal. Vi garanterer gangsperre dagen derpå! 🙂

AVREISE frå Herøy kyrkje kl. 16.45 (møt opp litt før). Det er mulig å verte plukka opp i Stokksund ca. kl. 17.00 og Myrvåg ca 17.10. (Dersom vi vert mange nok påmelde leiger vi buss, ved færre påmelde håpar vi at nokre foreldre kan hjelpe oss med skyss.)

PRIS for turen er 150 kr for KRIK-medlemmar, 250 kr for ikkje-medlemmar. (KRIK-medlemsskap kostar kr 100.) Heiskort kjem i tillegg, og kostar i utgangspunktet 160 kr for born/student, er vi mange nok påmelde får vi litt grupperabatt på dette.

VIKTIG: Alle som skal køyre i trekket må ha hjelm.

PÅMELDING: Du melder deg på ved å sende ein e-post med namnet ditt + tlf.nr. til foreldre/føresett til krikheroy@gmail.com.

Siste frist for påmelding er fredag 2.3.

– Vi gler oss til ein skikkeleg skikveld, -kjekt om DU også vert med!

 

PS: Merk at dato for kveldskøyringa er flytta til onsdag 7.3., og at det vert Hornindal i staden for Bondalseidet. KRIK-treninga i hallen denne onsdagen utgår.

 

 

Helsing Marcus/KRIK Herøy