Home » Korsong og salmar med fokus på Møre.  

Korsong og salmar med fokus på Møre.  

Laurdag 1. oktober kl 17:30 er det salmekveld i Herøy kyrkje med salmar som er vorte til av forfattarar og komponistar frå Møre og Romsdal eller som har tilknytning til Møre og Romsdal. Salmekvelden vil foregå i samband med eit korseminar same dag i regi av Norges kirkesangforbund. Seminardeltakarane vil utgjere eit kor som kjem til å presentere kormusikk basert salmar frå Møre og Romsdal. Domprost i Molde Olav Gading kjem til å ta oss med på ei lita reise gjennom fylket i tid og stad for å gjere oss kjent med dei ulike salmane med opphav eller tilknytning til ein forfattar eller komponist i fylket.

Kantor i Volda, Bert Handrik er dirigent og med seg har han sine eigne komposisjonar over Salmar frå Møre som vert framfør av koret.

Herøy kyrkjekor er vertskor og ved orgelet sit kantor Dag Johan Flattun

Vel møtt til ein spennande laurdagskveld i Herøy kyrkje.