Vi er så heldige at vi får to Sandesokningar på besøk i kyrkja vår!
Kevin, kulturprisvinnaren for Sande i 2021, vert beskreve som eit multitalent innan kulturen i Sande. Han er fast akkompagnatør i gravferder og bryllaup. Kevin er også med i Kong Arthur-spelet, Tenor Kvartetten, Feel-It og Gursken Brass.
På vokal kjem Inga-Lill med den nydelige klare stemma. Inga-Lill er i likheit med Kevin med på mykje av den musikalsk kulturen i Sande kommune.
Kevin og Inga-Lill lovar eit variert repertoar med salmar i fokus, men også kjente og kjære norske songar som Fordi eg elskar deg, Den fyrste song, Tir n’a Noir og liknande.
Med nytt lydanlegg i kyrkja, støtte frå Sparebanken Møre og RDA midlar, kan ikkje dette verte noko anna enn ein uforgløymeleg kveld i kyrkja. Dette må vere det perfekte påfyll før haustmørket og stormane set inn!
Velkomne til konsert!
Billettpris kr 100,- – salg i døra.
