Knut Arne Høyvik er kveldsmessegjest i Herøy kyrkje søndag kveld. Han har vore ein sentral person i fiskerimiljøet på Sunnmøre i ei årrekkje, både som aktiv fiskar, som organisasjonsmann og som politikar. Og han er kjend som ein mann som kan setje ord på meiningane sine, både munnleg og skriftleg. Det som er mindre kjent er at han i oppveksten var ein flittig leirdeltakar på Kjeldsund. Søndag kveld, under kveldsmessa i Herøy kyrkje, blir han konfrontert med alt dette i samtale med Johan Moltu.
Grimstadkoret frå Hareid deltek med song. Akustikken i Herøy kyrkje er som skapt for korsong, men også salmesongen blir ei oppleving når kyrkja er fullsett og dei frammøtte stemmer i. Eit kvarter før kveldsmessa tek til, vil kantor Dag Johan Flattun øve med dei frammøtte på nokre av salmane, for å få salmesongen opp til nye høgder. Bjørn Leinebø er liturg og Gunnar Sævik leier kveldsmessa.