Frå Vestlandsnytt:
Politiet kjem med åtvaringar før stormen laurdag
Sunnmøre Politidistrikt kjem fredag med klare åtvaringar før den varsla storstormen som vil slå inn over Sunnmøre laurdag ettermiddag. Meteorologisk Institutt har varsla vindstyrke opp i orkan styrke utsette stadar laurdag ettermiddag.
I tillegg er det meldt om svært høg vasstand laurdag, litt før klokka 14 på ettermiddagen. Også på neste flo, klokka 02.22 natt til søndag, vert det stormflo.
Sunnmøre politidistrikt har sett beredskap opp mot den varsla versituasjonen. Spesielt arbeidsplassar/
– Førebyggjande tiltak er sett i verk, spesielt knytta til å ha ein god beredskap om viktige samfunnsfunksjonar vert sett ut. Fredag morgon har derfor den kollektive redningsleiinga vore kalla inn til møte, opplyser politiet sin operasjonssentral.
Den operative staben til politimeisteren er i gang med sine førebuingar og politidistriktet har oppmoda alle kommunane på Sunnmøre om å gå gjennom sine beredskapsplanar.
Politiet oppmodar dessutan alle om å sikre lause gjenstandar og stillas.
– Ta inn hagemøblar og trampoliner om dette ikkje alt er gjort. Sjå til at båtar er sikra forsvarleg.
Andre tips tip folk er gjerne at ein er klar med alternativ oppvarming av bustaden viss straumen skulle gå, eller allierer seg med andreBildet frå Meteorologisk Institutt syner at det er dei som bur like nord for Stadt som kan oppleve sterkaste vinden laurdag ettermiddag.