Jazz og Koral og Øyvind Granden Berg
i Herøy kyrkje komande søndag
Kveldsmessa i Herøy kyrkje søndag blir prega av musikk. Den spennande gruppa Jazz og Koral kjem på besøk frå Ulsteinvik, og Øyvind Granden Berg, gudbrandsdølen med absolutt gehør, er samtalegjest.
Jazz og Koral med fem mannlege musikarar og ein kvinneleg vokalist hadde sin første konsert i 2007. Etter det har dei vore svært etterspurde på heile Sunnmøre. Ståle Helvig er leiar, og elles er Rune Ertesvåg, Bertil Tødenes, Jan Thormodsæter, Bjørnar Hovlid og Ann Cesilie Skundberg med i gruppa.
Øyvind Granden Berg er samtalegjest i kveldsmessa. Han har etterkvart prega musikklivet i Herøy med si flotte bassrøyst og sitt leikande fløytespel. For tida underviser han på musikklina på Volda vidaregåande skule og han dirigerer både damekoret Cervix Vocales og Ulstein Storband. I samtalen med Norunn Stendal Aksnes vil musikken og kva den gjer med oss vere sentralt, aktualisert m.a. med alle julekonsertane som snart brakar laus i bygd og by . Granden Berg vil også bidra med musikkinnslag i kveldsmessa.
Kveldsmessa vert elles som vanleg prega av mykje salmesong, avsluttande nattverd og populær kyrkjekaffi og drøs på kyrkjetorget etterpå. Bjørn Leinebø er liturg, Terje Tjervåg er vikarierande organist og Ole Arild Bø er kveldsmessevert.