Home » INNSETJING AV SOKNEPREST MED SALMAR OM HÅP!

INNSETJING AV SOKNEPREST MED SALMAR OM HÅP!

INNSETJING AV SOKNEPREST MED SALMAR OM HÅP!
Søndag 9.okt kl 11 vert det ei gudsteneste på føremiddagen i Herøy kyrkje med innsetjing av ny sokneprest til Herøy, Solfrid Leinebø Seljås. Alle er velkomen til å vere med på det. Det vert fleire lokale som bidreg i gudstenesta, i tillegg til prost Ingeborg Matre og prest Katalin Petrinè, frå Ungarn sitt vennskapsbispedøme til Møre. Herøy kyrkjekor vil synge for og med forsamlinga. Kantor Dag Johan Flattun er musikalsk leiar for gudstenesta, og det vert solosong ved Olena frå Ukraina.
Det vert salmer med fokus på håpet, bøner om fred i verda og nattverdens sakrament.  Etter gudstenesta vert det invitert til kyrkjekaffi med kaker på kyrkjetorget og inne i kyrkjelydssalen.

Solfrid Leinebø Seljås har kome attende til kommunen og allereie verka som prest i Herøy sidan 1.mars 2021, så ho er allereie godt kjend i kyrkjelydane og i kommunen. Solfrid vaks opp på Leinane og har etter fleire tiår på Austlandet hatt eit ynskje om å kome tilbake til heimkommunen for å bidra i kyrkjene her også. Herøy sokneråd og Kyrkjelege fellesråd er glad for dette, og ynskjer alle velkomen til denne storhendinga som ei sokneprestinnsetjing er.
Alle er hjarteleg velkomne – frå heile Herøy!