Home » INNKALLING TIL SOKNEMØTE FOR LEIKANGER SOKN, INDRE HERØY SOKN OG HERØY SOKN i Herøy kyrkje 29.09.20 kl. 19.30

INNKALLING TIL SOKNEMØTE FOR LEIKANGER SOKN, INDRE HERØY SOKN OG HERØY SOKN i Herøy kyrkje 29.09.20 kl. 19.30

SAK 02/20 Justert ordning for hovudgudstenesta

Kva betyr dette?

Kyrkjemøtet vedtok i 2011 ein ny liturgi der det var svært mange valmoglegheiter for sokna. I Herøy jobba vi då mykje med dette, og det vart vedteken ein felles liturgi for alle 3 sokna i Herøy. Den nye liturgien hadde ein del nye ordlydar og ein del ny musikk, og det var stor valfridom slik at det vart svært stor variasjon rundt om i landet vårt. I 2015 gjorde Kyrkjemøtet ei evaluering. Etter evalueringa vart det i tillegg til alle dei nye alternativa som vart vedtekne i 2011 vart høve til å ta inn nokre av dei ordlydane og nokre av den musikken som var brukt før 2011.

I Herøy gjekk ein då tilbake til ein del av den liturgien som var i bruk fram til 2011.

No er tida igjen komen for at vi skal vurdere ord og tonar i liturgien vår og soknemøtet er inviterte til å kome med innspel for kvar vegen går no!

Dette er ikkje ein svær og gjennomgripande revisjon, men ei justering av liturgi inn mot det som Kyrkjemøtet vedtok i 2019. Målet til Kyrkjemøtet var at det igjen skulle bli færre alternativ og lettare å kjenne seg igjen når ein kom til Gudsteneste rundt i landet vårt. I Herøy brukar vi ein liturgi som sentralt er vedteken for bruk også dei neste åra, men det er framleis val som kan  takast om ord og tonar i liturgien – sokneprest Bjørn Leinebø og kantor Dag Johan Flattun vil leie soknemøtet gjennom eksisterande liturgi og nye val!