Søndag 9.oktober vart den nye soknepresten til Herøy innsett i tenesta av prost Ingeborg Matre. Det var mange som var møtt fram til gudstenesta, frå heile Herøy, for å få med seg den historiske hendinga som ei sokneprestinnsetjing er.
Herøy kyrkjekor song for og med oss under dyktig leiing av kantor Dag Johan Flattun. Tre konfirmantar deltok med oppgåver, og nattverdens sakrament vart feira.
“Takksemd”, sa den nye soknepresten då ho vart spurd om kva ho kjende på etter innsetjinga og kyrkjekaffi med gode kaker og mange godord. Etter fleire tiår på Austlandet kjende ho på at ho hadde lyst til å bidra i kyrkja her også, og er glad for at det no vart slik.
Med vaksne barn og ein mann som er villig til å pendle ein del, så er det mogleg for Solfrid Leinebø Seljås å bu og arbeide i Herøy. Ho har allereie gjort det i 1 1/2 år, så ho er godt kjend både i kommunen og i dei tre sokna. Dette var noko av det som vart tatt fram i helsingane ved kyrkjekaffien, særleg hennar evne til å arbeide saman med heile lokalsamfunnet. Både ordførar, soknerådsleiarar og fleire til kom med helsingar ved kyrkjekaffien.
Førre veke hadde Møre bispedøme besøk frå sitt venskapsbispedøme i Ungarn. Ein av dei ungarske prestane deltok i innsetjingsgudstenesta med mellom anna lesing av Bibeltekstene på ungarsk og med ei kort helsing. Ungarn er naboland til Ukraina, og over 2,5 millionar har passert gjennom deira 10 mil lange grense til Ukraina. Kyrkjene i Ungarn har gjort eit storarbeid med å ta imot og hjelpe folk kvar dag etter krigen starta 24.februar. Det var difor ekstra sterkt å ha med ein prest frå Ungarn i gudstenesta same dag som det var nasjonal bønedag for Ukraina i Noreg. Kyrkjelyden fekk også oppleve vakker song frå ei av dei som har kome hit frå Ukraina denne våren.
Herøy har vorte ein internasjonal kommune med mange frå andre land som er busett her, av ulike grunnar, og forsamlinga avspegla ein del av dette mangfaldet.
Soknepresten sa mellom anna i preika at Bibelen inspirerer oss til å ta godt imot dei framande. Nestekjærleik er ein kjerneverdi i kristendommen, og vi som kyrkje må opne dørene opp for alle og hjelpe der vi kan.
Det var forbøn for fred i verda, særleg i Ukraina, men vi skal heller ikkje gløyme at det er mange fleire kriser rundt i verda. Det er millionar på flukt, og vi i Herøy må ta imot og hjelpe det som blir vår del.
Det vart ei historisk gudsteneste på fleire måter, og glede over at den nye faste presten endeleg er innsett i tenesta.
