HEIMEJUL
«I wanna go home for Christmas, let me go home this year» synger Maria Mena, så vi kjenner det år etter år. Og i år, er det ikkje berre det at vi vil heim i jula, men i år så må vi heim. Omsett til vår dialekt vert det omtrent slik: «Eg vil ha jula heime, kjenne kva heime er» som eg høyrer at fleire syng. I år kjenner vi igjen på det at det vert ei skikkeleg heimejul.
Det er mange måter å feire jul på, det er klart. Men for over ein halv million mennesker i landet vårt, så er det vanleg å gå til kyrkje i jula og i nyttårshelga. Mange vil sakne det i år, pga restriksjonar i kor mange det kan vere på kvar gudsteneste i år. Vi i kyrkja er med på dugnaden for å avgrense smitta igjen, slik vi har gjort i heile pandemitida.
Sjølv om ikkje vi får fyllt kyrkjene våre slik vi normalt gjer gjennom denne julehøgtida heller, så får vi glede oss over det vi får til i denne krevande tida for så mange.
Kva pynter vi med i jula?
Kva fyller vi denne heimejula med, når det vart endå meir heime enn vanleg i jula, og alle dessverre ikkje vil få bestilt seg plass til ei gudsteneste? Kanskje kan ein snakke saman med andre familiemedlemer om kvifor vi pynter juletreet slik vi gjer, etter gamal tradisjon, med stjerner, glitter, lys, engler og fugler? Mange pynter juletreet med mellom anna ei stjerne i toppen som kan minne oss om Betlehemsstjerna som skinte den fyrste julenatt og viste veg til stallen der det nyfødde Jesusbarnet var. Stjerna i toppen av juletreet kan også minne oss om at Jesus sa: «Eg er lyset i verda. Den som fylgjer meg skal ikkje vandre i mørkret, men ha livsens lys». Dette bibelverset står i Johannes evangelium kapittel 8, vers 12 og er eit vers som vi kan kome tilbake til, gong på gong, og kanskje våge å tenke: «Dette gjeld for meg også. Jesus Kristus lyser slik ingen andre kan, og han kan lyse for meg også.»
Slik kan ein ta føre seg pynten på treet, og finne ut av den opprinnelege meininga bak den tradisjonelle julepynten, og kanskje få nokre gode samtaler på tvers av generasjonane om desse tradisjonane?
Her er ei oversikt over Julepynten si symbolske meining:
Juletreet symboliserer frå gamalt av livets tre. Og mange tolka det på denne måten:
Juletre: Juletreet symboliserer livets tre i Edens Hage, og Jesus som det eviggrønne tre.
Juletrefot: Juletrefoten er tradisjonelt forma som eit kors, og minner om Jesu død på korset.
Stjerne: Stjernen i toppen av treet symboliserer julestjerna over stallen i Betlehem.
Glitter: Glitteret symboliserer stråler frå julestjerna, og minner om at vi alle er gjenskinn av Kristus som lys i verda.
Flagg: Norske flagg kom til som juletrepynt i høve unionsoppløysinga frå Sverige i 1905, og symboliserer Norge som ein sjølvstendig nasjon.
Lys: Juletrelysa symboliserer Jesus som verdens lys.
Engler: Engler symboliserer dei som kjem med bod frå Gud.
Kurver: Julekorgene har ofte form som hjerter, og minner om Jesu kjærleik til menneska.
Kuler: Julekulene er eit symbol på jordkloda, og Guds kjærleik til jorda.
Epler: Epla minner om syndefallet i Edens Hage.
Fugler: Fugler symboliserer Den Heilage Ande.
Lenker: Julelenkene symboliserer solidaritet og samhold mellom menneska.
Kristtorn: Kristtorn symboliserer Jesu tornekrone.
Lesing av juleevangeliet heime
Ein god tradisjon som mange er oppvaksen med, er å lese juleevangeliet frå Lukas evangelium kapittel to, når dei har fått sett seg til bords, for å ete julemiddagen på julaftan. Deretter kan ein til dømes synge nokre vers av julesongen «Eit barn er født i Betlehem»? Slik kan mange skape litt ekstra høgtid i heimen julaftan. Mange ser kanskje også på NRK-TV og får med seg at Sølvguttene syng jula inn, før julemiddagen. Kanskje er dette jula då vi rundt i dei tusen heimane skal fornye nokre av desse gode, gamle juletradisjonane? Eg håper det.
Juleevangeliet er lett å søke opp på www.bibel.no
Tenn eit lys og sjå ein god film saman heile familien
Veldig mange har tent dei 4 lysa i adventstaken, og sunge eit vers for eitt og eitt lys gjennom dei fire adventsvekene frå 1.desember.
Adventslysa peiker mot stallen. For kvar søndag vi kjem nærare julaften, så vert lyset sterkare. Det er mange gode familiefilmer som heile familien kan sjå saman heime. Til dømes er filmen «Veien til Betlehem» god både som teiknefilm, og med «levande mennesker».
Tur -oppleving rundt Herøy kyrkje!
Dersom familien treng å lufte seg i løpet av jula, så kan ein gjerne legge turen innom Herøy kyrkje. Gå ein saktetur rundt kyrkja, og studer den store julekrybba m.m. i fleire vindauger. Herøy kyrkje har mange store vindauge som du kan kome heilt inntil, både små og store. God ekstra «heimejul» til alle!