Home » Gudstenester søndag 22.01

Gudstenester søndag 22.01

Denne helga vert det 2 gudstenester søndag føremiddag kl. 11.00, i regi av Den Norske Kyrkja. Det vert ei gudsteneste i Leikanger kyrkje og ei gudsteneste i Herøy kyrkje samtidig. I Leikanger kyrkje vert det ei gudsteneste med salmer, preike, forbøn og nattverdens sakrament. Preiketeksta er frå Johannes 2, 1-11 om då Jesus gjorde vatn til vin, og kva har den forteljinga fått bety opp gjennom generasjonane. Takkofferet vil denne søndagen gå til organisasjonen Gideon, og det vil verte informert om det internasjonale arbeidet deira med å dele ut Biblar, til mellom anna elevar på vidaregåande og til hotell, og kvifor dei gjer det? Liturg er Kjell-Roger Isene. Det musikalske ansvaret har Ann Kristin Frantsen. Fleire frå kyrkjelyden medvirkar.


I Herøy kyrkje vert det samtidig ei familiegudsteneste med dåp og deltaking av tårnagentar. Det er alltid ei glede når det er dåp! Heile tre barn skal døypast på søndag 22.januar. Det vert elles gode
salmar og fokus på det som tårnagentane har vore med på i kyrkja og i kyrkjetårnet, både på laurdag og på søndag. Dei som går i 3.klasse og er medlem i Den Norske Kyrkje har fått brev om dette tilbodet, og har fått sjansen til å melde seg på til Tårnagenthelga i Herøy sokn dvs alle som bur på Leinøy, Remøy, Runde, Bergsøya og Nerlandsøy. I løpet av gudstenesta, vil Tårnagentane få ei spennande bok i gåve. Liturg er Solfrid Leinebø Seljås. Det musikalske ansvaret har kantor Dag Johan Flattun. Kyrkjelydspedagog Karoline Husøy Kopperstad deltek i gudstenesta og etterpå ved kyrkjekaffien som denne søndagen vert nede i kyrkjekjellaren. Alle er hjarteleg velkomne til gudsteneste søndag føremiddag, anten i Leikanger kyrkje eller i Herøy kyrkje, – frå heile Herøy.


Arrangør er: Den Norske Kyrkje i Herøy.