Home » Gudstenester på 1.pinsedag

Gudstenester på 1.pinsedag

Pinsedag, 23.mai, blir kalla for «kyrkja sin fødselsdag», og det markerer vi med festgudstenester i Leikanger kyrkje og i Herøy kyrkje samtidig. Det blir dåp og solistar i begge kyrkjene. I Herøy kyrkje får vi no vere 100 personar med god avstand, slik at vi kan få synge saman. Det gleder vi oss over. Så møt opp og ver med i gudstenesta som vert leia av fung sokneprest Solfrid Leinebø Seljås og kantor Dag Johan Flattun. Fleire deltek i gudstenesta mellom anna Celina Frøystad som skal synge solosong. Vi skal ha dåp i denne gudstenesta, og vi har plass til andre gudstenestedeltakarar. Etter den opne festgudstenesta vert det ei dåpsgudsteneste med fleire som skal døypast.  Vi gleder oss over alle som blir døypte. Denne gudstenesta vert også direktestreama på facebook: Herøy kyrkje. Om du ikkje av ulike grunnar har høve til å kome deg til kyrkja på pinsedag, så kan du fylgje med oss digitalt. Vi er også glad for at Herøy Rotary sørga for at bebuarane på Herøy omsorgssenter alltid kan fylgje med på gudstenesta frå Herøy kyrkje kvar søndag.
         1.pinsedag vert det også ei gudsteneste i Leikanger kyrkje med dåp og nattverd.  Den festgudstenesta vert leia av Rolf Dyrhol og vikarorganist Georg Notøy. Aina Baade Hasund vil synge solosong i denne gudstenesta. I Leikanger kyrkje får vi no vere 50 personar med god avstand, slik at vi kan få synge saman. Smittevern vert teke på alvor i alle kyrkjene, slik at du trygt kan kome til kyrkja igjen. Salmane og Bibeltekstene handler i begge kyrkjene om det som skjedde etter Jesu himmelferd, om språkunderet og om Den Heilage Ande som kom på pinsedag. Vi skal be, synge og døype mange born i Herøy denne pinsehelga. Det gir grunn til stor pinseglede.
Vel møtt – til Herøy kyrkje eller Leikanger kyrkje 1.pinsedag!