Home » Gudstenester på 1.pinsedag

Gudstenester på 1.pinsedag

“Pinse, det er glede. pinse det er sang” står det i ein nyare pinsesalme. Pinsedag, 5.juni, blir kalla for «kyrkja sin fødselsdag». Det markerer vi med festgudstenester i Leikanger kyrkje og i Herøy kyrkje samtidig. Det gleder vi oss over. Så møt opp og ver med i den gudstenesta som høver for deg.
Gudstenesta i Herøy kyrkje vert leia av fung sokneprest Solfrid Leinebø Seljås og kantor Dag Johan Flattun. Fleire deltek i gudstenesta mellom anna Herøy kyrkjekor. Vi skal ha dåp i denne gudstenesta, og vi skal feire nattverdens sakrament. Vi gleder oss over alle som blir døypte. Denne gudstenesta vert også direktestreama på facebook: Herøy kyrkje. Om du ikkje av ulike grunnar har høve til å kome deg til kyrkja på pinsedag, så kan du fylgje med oss digitalt. Vi er også glad for at Herøy Rotary i si tid sørga for at bebuarane på Herøy omsorgssenter alltid kan fylgje med på gudstenesta frå Herøy kyrkje kvar søndag.
         1.pinsedag vert det også ei gudsteneste i Leikanger kyrkje med gode salmar og nattverdens sakrament.  Den festgudstenesta vert leia av prest Kjell-Roger Isene og vikarorganist/pianist Ingrid Nerhoel. Sanna Tandberg vil delta med trompetspeling i denne gudstenesta. Salmane og Bibeltekstene handler i begge kyrkjene om det som skjedde etter Jesu himmelferd, om språkunderet og om Den Heilage Ande som kom på pinsedag. Vi skal be, synge og døype mange born i Herøy denne pinsehelga. Det gir grunn til stor pinseglede.
Vel møtt – til Herøy kyrkje eller Leikanger kyrkje 1.pinsedag!