Herøy: Det er mange som har venta med å døype barna sine, fordi dei gjerne vil vere mange i dåpsselskapa. Samtidig så ynskjer ein gjerne å bruke ein dåpskjole som kanskje har vore brukt av fleire generasjonar i familien før, og då er det grense for kor lenge ein kan vente med dåpen, før dåpskjolen blir for liten. Difor er det mange som likevel døyper no, sjølv om dei ei tid igjen berre har kunne vore 20 i dåpsselskapet. Ein dåp er alltid ei glede å få vere med på, både for familie og vener og for kyrkja.
Fyrstkomande søndag har vi fleire som skal døypast, både i Leikanger kyrkje og i Herøy kyrkje. Det blir to gudstenester etter kvarandre i begge kyrkjene. Den fyrste gudstenesta i kvar kyrkje er open for andre enn dåpsfamilien. I begge kyrkjene er det også konfirmantar som har teneste.
I Herøy er det prost Ingeborg Martre som er liturg denne søndagen, og ho seier ho gleder seg til å kome til Herøy kyrkje igjen. Den faste organisten vår er på plass, Dag Johan Flattun, saman med klokkar Ingrid Warholm. Det blir elles gode salmar, forbøn, preike og takkoffer til diakoniabeidet i kyrkja, dvs kyrkjas omsorgsarbeid. Denne Gudstenesta vert direktestreama via Herøy kyrkje på Facebook.
I Leikanger kyrkje er det prest Kjell-Roger Isene som er liturg. Torgeir Hauge står for musikken denne søndagen, og kyrkjetenar/klokkar Oddgeir Valen er på plass. Her blir det også gode salmar, forbøn, preike, takkoffer og dåp.
NB! OM DU SKAL VERE SIKRA PLASS ved gudstenesta i Leikanger kyrkje eller i Herøy kyrkje, så melder du deg på her til Herøy kyrkje: https://minkirkeside.no/Heroy/Paamelding/Id?aktivitetsid=014f2991-1e28-40c2-a9dd-49bcdcff4044 og her til Leikanger kyrkje: https://minkirkeside.no/Heroy/Paamelding/Id?aktivitetsid=2954b1e6-17a6-4007-9986-7f8bd1d4116deller sender sms til 41 86 07 80, eller du kjem til kyrkja og ser om det er nokre plasser igjen til deg også.
VEL MØTT!
