Home » Gudstenester med dåp og nattverd

Gudstenester med dåp og nattverd


Herøy: Søndag føremiddag er det to gudstenester i to av dei tre kyrkjene i den Norske Kyrkje sin regi: Indre Herøy kyrkje og Herøy kyrkje


Det vert dåp og nattverd, lesing av Bibeltekster og gode salmar å synge med på. Når det gjeld bibeltekstene så er det slik at det å lese evangeliefortellingane handlar om korleis Jesus går rundt og gjer godt mot menneskje. Han reiser dei opp frå sjukdom, fattigdom og kvardagsproblem. I møte med Jesus frå Nasaret blir krumbøygde og nedbøygde menneskje reist opp til eit nytt og betre liv.
Dei fire evangelistane Matteus, Markus, Lukas og Johannes skreiv ned forteljingane om Jesus Kristus for samtida si og for ettertida, og difor meiner kyrkjene fortsatt at vi må må lese frå Bibelen i kyrkjene kvar søndag og folk vert oppfordra til sjølv å lese i Bibelen.
Søndag skal vi sjå nærare på ei tekst ut ifrå Lukas kapittel 13 der Jesus helbredar ei kvinne som har vore plaga av sjukdom i 18 år. Mange lurer nok på om helbredelse går an i dag. Det vert også tematisert i preika.

I Indre Herøy er det Jostein Husøy som står for musikken, og prest Kjell-Roger Isene er liturg og predikant. I Herøy kyrkje er det Ann Kristin Frantsen som står for musikken, og prest Solfrid Leinebø Seljås er liturg og predikant. I begge kyrkjene er det fleire som deltek i gudstenesta, mellom anna konfirmanter som har oppgåver.

Vi held fortsatt godt smittevern, men vi kan no vere mange fleire i kyrkjene våre igjen. Du treng ikkje melde deg på lenger, men det skal fortsatt vere 1 meter mellom kohortane og du må bruke munnbind. Vi bed alle om å kome tidlegare enn vanleg, for det tar lang tid å registrere alle med namn.