Søndag er det gudsteneste både i Indre Herøy kyrkje og i Herøy kyrkje kl. 11.00.
I Indre Herøy kyrkje er det ei høgmesse, dvs ei gudsteneste med gode salmar som passer til preget på denne søndagen. Det vert preike over søndagens tekst som er frå Joh 9, 39-41 og nattverdens sakrament vert feira. Det vert enkel kyrkjekaffi i kyrkja etter gudstenesta. Prest er Kjell Roger Isene, organist er Gunnar Elveseter og Sigmund Aksnes er klokkar og kyrkjetenar. Elles deltek konfirmantar med oppgåve. Alle er hjarteleg velkomne til å feire gudsteneste.
I Herøy kyrkje vert det ei gudsteneste kl. 11.00 med dåp av eit barn. Det er alltid ei glede og høgtid over dåpens sakrament. Denne søndagen skal vi ha søndagsskule og det vert fokus på «Holodomor». Dvs at vi skal ha ei markering i gudstenesta til minne om dei som vart ramma av hungersnaud i Ukraina i åra 1932-33. Det var ein menneskeskapt hungersnaud, og over 5 millionar vart ramma av det. Sokneprest Solfrid Leinebø Seljås deltek og har med seg kantor Dag Johan Flattun, samt klokkar Ingrid Kalland Warholm.
Etter gudstenesta vil våre nye ukrainske vener bidra med ukrainske kaker til kyrkjekaffien. Alle er velkomne til gudstenesta.
Søndagsskuletilbod i Herøy
Det er tilbod om søndagsskule fleire stader i Herøy. Komande søndag er det søndagsskule på Moltu bedehus kl. 11.00, og vi anbefaler det!
Samtidig er det tilbod om søndagsskule i høve at det er gudsteneste i Herøy kyrkje. Søndagsskuleborna med føresette møtast i kyrkja frå gudstenestestart. Etter ei stund, vanlegvis etter dåpen, går søndagsskuleborna ut til søndagsskulerommet og får eige søndagsskuleopplegg som er tilpassa born.
Måndager er det tilbod om søndagsskule på Remøy bedehus. Det kallast «Mandagssprell» og samlar fleire og fleire born i alle aldrar.
