Home » Gudsteneste på søndag med søndagsskule

Gudsteneste på søndag med søndagsskule

Herøy: Det er to gudstenester søndag føremiddag, på søndag 22.mai som vert kalla for 6.søndag i påsketida. Den eine gudstenesta er i Leikanger kyrkje v/ seniorprest Matias Austrheim. Han har vore sokneprest i Ørsta i ei årrekke, og tar gjerne oppdrag rundt omkring i prostiet. I denne gudstenesta er det Leikongs eigen Vinjar Drage som spelar piano til songane. Nattverdens sakrament vert feira. Det vert elles preike, gode salmar og takkoffer.
i Herøy kyrkje vert det dåp av tre dåpsborn. Ei stor glede. Vi har og har hatt mykje dåp denne våren og gleder oss over at familiene no igjen kan kome med heile dåpsfylgje til gudstenesta, og kan vere mange i dåpsselskapa igjen etter coronatida med avgrensing av kor mange som kunne vere saman.   I Herøy kyrkje blir det søndagsskule. Etter dåpen vert borna inviterte med ut i kyrkjestova som er eit tilstøytande rom. Der får dei eit tilpassa opplegg med bibelforteljing og aktivitetar, medan kyrkjelyden elles fortset gudstenesta inne i kyrkjerommet ved vikarprest Kjell-Roger Isene og organist Dag-Johan Flattun. Der vert det også feira nattverdens sakrament. Det blir preike og gode salmar og takkoffer. Alle er velkomen i den kyrkja som høver best. Arrangør: Den Norske Kyrkje i Herøy.