Home » Gudsteneste på Flåvær med omvisning og kyrkjekaffi

Gudsteneste på Flåvær med omvisning og kyrkjekaffi

Søndag fk 18.juni kl 11 vert det utegudsteneste med omvising etterpå og kyrkjekaffi ute på Flåvær.
Eigarane av Flåvær tek imot oss og tilbyr omvising på øya med sjøbud, krambu osb for dei som ynskjer det og kyrkjekaffi etter gudstenesta. Vi skal markere “Skaperverkets dag” med vekt på havet på søndag i gudstenesta. Sokneprest Solfrid Leinebø Seljås leier gudstenesta saman med diakon Ragnhild Danbolt Øygard. Kantor Dag Johan Flattun står for det musikalske saman med Melissa Nerland Paulsen på trompet.
Siste gong det var friluftsgudsteneste på Flåvær var i 2009, så dette er ikkje noko som skjer kvart år.

TRANSPORT MED BÅT: Det vert transport med jekta «Anna Olava» frå Herøy gard til Flåvær, kl 09.15 og 1015.
Retur med jekta kl 13.00 og 14.00. For å reservere billett til jekta så må du sende sms til 95 45 69 45.

NY INFO frå torsdag: Det vert også transport frå Fosnavåg med Skreddaren (frå kaia nedom hotellet) kl 10.
retur med Skreddaren vert kl 1330.

Bilettpris tur-retur med jekta eller Skreddaren: kr 100,- pr pers.

NB: Om du kjem med eigen båt, så må du reservere kaiplass, då det er begrensa med det på Flåværholmane. For reservering av kaiplass må du sende sms til 91 57 36 78.
Alle er hjarteleg velkomne til Flåvær på søndag!