Home » Friluftsgudsteneste på Skorpa

Friluftsgudsteneste på Skorpa

Skorpe

Gudstenesta på Helgetorsdag (29.5.) i Herøy Sokn er i år lagd til Skorpa. Det er vel meir eller mindre tradisjon at det vert halde friluftsgudsteneste på denne dagen, men om det har vore gjort på Skorpa før skal vere usagt. Like fullt har Vestlandsnytt/Kåre Kvalsvik tidlegare i vinter gjeve oss opplysningar om at det har vore halde store kristelege samlingar i Skorpa i tidlegare år. Kanskje kan stemnet som i 1912 trekte 3-400 menneske hit for Indre Sjømannsmisjon vere til inspirasjon? Vi vonar i alle fall at så mange som råd vil nytte høvet til å vere med og feire friluftsmesse i Skorpa.

Opplegget er som fylgjer: Avreise er frå Koparstadmoljen kl. 10.00. Her i frå vil Soknerådet organisere båtskyss til Skorpa. Vi håpar nokre frivillege kan vere med og stille med båt. Pris pr vaksen er kr 50,- for å dekkje utgiftene til drivstoff, born går gratis. Alle må stille med eigen redningsvest.

Gudstenesta er kl. 11.00, ved sokneprest Dalsbø. Etter gudstenesta vil KRIK Villmark arrangere fjelltur til Keipen for dei som kan tenkje seg å kome litt opp i høgda. Turen vil gå i samlande og triveleg tempo med innlagd matpause, og er gjennomførbar for heile familien. Fjellturgjengen satsar på å vere nede att i Skorpa og klar for retur tilbake til Koparstad ca kl. 15.00.

Dei som ikkje ynskjer å vere med på fjellturen får tid og høve til ei matykt, prat og kanskje ein rusletur nede ved husa i Skorpa, før dei fyrste båtane går tilbake til Koparstad kl. 13.30.

Husk: Klede etter véret, niste, redningsvest og skysspengar.

NB. For å kunne organisere skyss, må vi vite på førehand kor mange som vert med. Påmelding er til kyrkjekontoret på tlf. 700 80 260 eller e-post kyrkjekontoret@heroy-kyrkje.no. Gje beskjed i påmeldinga om du treng skyss eller kan stille med båt (og evt. kor mange du kan ta med), og om du ynskjer å vere med på fjelltur. Frist for påmelding er tysdag 27.5. kl 14.00.

Så er det berre å vere med og be om godt vêr. Vel møtt!

Arr: Herøy Sokneråd/KRIK Villmark

NB: Dersom vér og sjø ikkje tillet landing i Skorpa, vil gudstenesta verte halden på Koparstad.