Home » Førsteklasses

Førsteklasses

Kjenner du nokon som fyller 6 år i år (fødd 2012)?
Herøy kyrkjelyd, Indre Herøy kyrkjelyd og Leikanger kyrkjelyd inviterer
alle 6-åringar (fødd 2012) til “Førsteklasses”- ein miniskule i kyrkja!

Vi skal møtast tre gonger på ettermiddagen for å synge, høyre historier frå Bibelen, leike og gjere oppgåver saman. Desse dagane skal vi bli kjend med bibelforteljingar og meir om dåpen ved å bruke ei aktivitetsbok som heiter “Alle gode ting”.

FØRSTEKLASSES – INDRE HERØY KYRKJELYD OG LEIKANGER KYRKJELYD
For dei som høyrer til Indre Herøy kyrkjelyd og Leikanger kyrkjelyd vert det samlingar i Indre Herøy kyrkje 3 onsdagar frå 17:00-18:30: 29.august, 05.september og 12.september. I tillegg skal vi samlast til gudstenester i Indre Herøy kyrkje 16.september kl.11:00. Her får deltakarane på “Førsteklasses” med seg aktivitetsboka “Alle gode ting” heim så dei kan fortsette å bruke den.

Påmelding til “Førsteklasses” skjer per e-post til kateket@heroy-kyrkje.no eller tlf:70080260
Påmeldingsfrist er sett til 27.august. Informasjonshefte med meir info finn du her: Førsteklasses Indre Herøy og Leikanger

FØRSTEKLASSES – HERØY KYRKJELYD
For dei som høyrer til Herøy kyrkjelyd vert det samlingar i Herøy kyrkje 3 torsdagar frå 17:00-18:30: 30.august, 06.september og 13.september.
I tillegg skal vi samlast til gudstenester i Herøy kyrkje 16.september kl.11:00. Her får deltakarane på “Førsteklasses” med seg aktivitetsboka “Alle gode ting” heim så dei kan fortsette å bruke den.

Påmelding til “Førsteklasses” skjer per e-post til kateket@heroy-kyrkje.no eller tlf:70080260
Påmeldingsfrist er sett til 27.august.