Home » Felles gudsteneste ved jonsoktid

Felles gudsteneste ved jonsoktid

Søndag 27.juni kl 11 er du velkomen til felles gudsteneste i Indre Herøy kyrkje, felles for Leikanger, Indre Herøy og Herøy sokn. Det vert dåp av to barn i kyrkja, og vi skal synge dåpssalmen: «Det skjer et under i verden hver gang et barn blir til». Det blir elles gode salmar, forbøn og preike over dagens tekst frå Matteusevangeliet kapittel 7, vers 21-29 som handler om å bygge huset sitt på fjell, dvs på ein god grunnvoll. Offeret går til kyrkjelydsarbeidet. Prest og liturg er Matias Austrheim som tidlegare var sokneprest i Ørsta, organist er Dag Johan Flattun og elles er det fleire medverkande. Etter gudstenesta vert det høve til ein prat over ein kaffekopp. Vi held fortsatt på 1 meter ved song og godt smittevern i kyrkjene våre, men vi kan no vere fleire i kyrkjene igjen. Det gir grunn til glede. Vel møtt!