Søndag 19.februar er fastelavenssøndag, og då har vi to gudstenester i kyrkjene våre.
Fastelavn kommer av det nedertyske ordet «fastelabend» som tyder «kvelden før faste» på norsk, og uttrykket vert brukt om dei tre dagane før fastetida, fastelavn, blåmandag og feitetysdag. Ein skulle glede seg og feite seg opp før fastetida som skal vere ei annleis tid, ei ettertankens tid.
Fastetida er ei påminning om Jesu 40 dagar i ørkenen. Fastelavn kjem 7 veker eller 49 dagar før 1. påskedag. Fastetida varar i 40 dagar frå askeonsdag til og med påskeaftan, minus søndagane som er festdagar i fastetida. I tillegg vert førfastesøndagen, Fastelavn, rekna med til fastetida.
Frå gamal tid har det vore knytta mange tradisjonar til fastelavenssøndag, til dømes fastelavensris og baking av fastelavnsbollar og mange markerar dagen på denne måten fortsatt.
Bibeltekstene på fastelavenssøndag er henta frå bryllaupsliturgien, nokre av dei vakraste tekstene vi har: Høgsongen 8, 6-7 og 1.Korinterbrev kap 13, vers 1-7 og Johannes evangelium kap 17, vers 20-26.
Fastetida er ei tid for øving på å skjerpe sansane og lære seg sjølv og andre betre å kjenne. Mange avstår frå kjøt i fastetida og prøver å leve enklare. Digital faste er også ein moglegheit som kanskje fleire skulle nytta seg av? Dette er litt av tematikken i gudstenestene i fastetida.
Komande søndag 19 februar har vi to fastelavnssøndagsgudstenester.
I INDRE HERØY KYRKJE KL 11.00 blir det gudsteneste med m.a. dåp av tre små born. Då vil det verte hengt opp ein glasengel for kvar døypte i kyrkja. Dåpsenglane skal henge i kyrkja til januar 2024 og vil minne alle som er innom kyrkja om kor mange som er døypte i 2023 og om å vere med å be for dei. Liturg er prest Kjell-Roger Isene. Dag Johan Flattun har det musikalske ansvaret og Oddgeir Valen er klokkar. Konfirmantar og andre har oppgåver ved gudstenesta. Vel møtt!
I HERØY KYRKJE KL 19.00 vert det ei kveldsgudsteneste med gode salmar, preike, bøn og nattverdens sakrament. Liturg er prest Kjell-Roger Isene. Ann-Kristin Frantsen er musikalsk ansvarleg. Konfirmantar og andre medverkar ved kveldsgudstenesta. Vel møtt!
Du er varmt velkomen til gudsteneste på fastelavensøndag!
