Søndag inviterer vi til familiegudsteneste i både Herøy og Leikanger Kyrkje med mykje barnesalmar.
Alle fyrsteklassingane i Herøy skal få barnesalmeboka. Dei frå Herøy sokn kjem til Herøy kyrkje og dei frå Indre Herøy og Leikanger sokn kjem til Leikanger kyrkje. Denne veka er kyrkjelydspedagog, trusopplærar og kantor i gang med å øve på nokre av songane vi skal synge denne dagen saman med elevane på dei ulike skulane i kommunen vår.
1. klassingar er veldig flinke til å synge, så det er berre å gle seg til mykje god song!
Vi håper heile storfamilien tek turen til kyrkjene på søndag.
Helsing Karl Anders og Karine!