Home » Familiegudsteneste og samling for 4-åringar!

Familiegudsteneste og samling for 4-åringar!

Mi kyrkjebok 4Tysdag inviterer Herøy sokn til samling for 4 åringar i høve utdeling av bok på familiegudstenesta til helga. Boka heiter Mi kyrkjebok. På samlinga blir det pølse med brød og saft til alle, det blir undretur i kyrkja og vi skal øve inn ein song som vi skal syngje på gudstenesta.

Søndag 02.10 inviterer vi til familiegudsteneste i Herøy kyrkje.  4- åringane frå Herøy skal få bok. Familiegudsteneste betyr ikkje at det berre er ei gudsteneste for born, nei, her er det plass til alle uansett alder. Vi håper å sjå både unge og eldre til kyrkje den søndagen. Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi. Velkomen!