Torsdag 24.november vert det ny «Torsdag i kyrkja» med temaprogram ved generalsekretær i Norges Kristne Råd, Erhard Hermansen. Han skal halde foredrag over temaet «Kyrkjene saman i einheit og ulikheit», eit tema som soknerådet trur vil engasjere.
Kl 19-20 er det «ope hus» på kyrkjetorget og i kyrkjerommet. Fleire og fleire set pris på denne møteplassen over ein kopp kaffe i Herøy kyrkje. Kanskje kan du også bli kjend med nye her? I alle fall så vil du kunne møte ein del av dei nye ukrainerane som har kome hit i løpet av det siste halve året. Dei vil gjerne treffe lokalbefolkninga, og prøve seg på å snakke norsk.
Kl 20-21 er det tid for foredrag, i kyrkjelydssalen.
Erhard Hermansen har budd i Herøy i over 20 år og mange kjenner han mellom anna frå tida hans som pastor i Herøy frikyrkje, eller frå tida hans som assisterande personalsjef i Bourbonne eller frå Herøyspelkoret som han har vore med i gjennom mange år.
No arbeider han som generalsekretær i Norges Kristne Råd som er ein paraplyorganisasjon for alle kyrkjene i landet, der han arbeider tverrkyrkjeleg på vegne av baptistar, metodistar, katolikkar, ortodokse og luteranarar.
Erhard Hermansen har base i Herøy, men reiser mykje både i inn- og utland som ein del av arbeidet i Norges Kristne Råd. Gjennom Hermansen sitt foredrag vil vi også få meir innsikt i korleis kyrkjene kan arbeide saman.
Alle kan ta turen innom kyrkja på torsdagane. Foredraget er ope for alle, og du kan kome og gå som du vil. Arrangør er: Herøy sokneråd
