Eivind Skeie og Martin Luther kjem til Herøy
Onsdag 27. september arrangerer vi salmekveld I Herøy kyrkje som eit ledd i 500 årsmarkeringa for reformasjonen. I dette høve kjem teologen og salmediktaren Eivind Skeie til Herøy og i reisefylgje har han med seg sjølvaste Martin Luther. Skeie skal halde eit foredrag om Martin Luther, hans liv gudstenestesyn og salmedikting. Vi skal og synge Luthersalmar saman og ein salme som Skeie har skreve i høve jubileumsåret. Kyrkjekoret og Sande kantori deltek.
Arrangementet finn stad i Herøy kyrkje onsdag 27. september kl 1930.
Vel møtt og velkomne!