Herøy: Det nærmar seg første fredag i mars, altså 4. mars. Då vert «Kvinnenes internasjonale bønnedag» markert i Herøy slik det har blitt gjort i mange år. I år skjer det i Herøy kyrkje om kvelden. Det er ei gruppe kvinner frå England, Wales og Nord-Irland som har laga programmet for dette året. Det er fint å kome saman frå mange kyrkjesamfunn , og vite at akkurat denne dagen er det mange kvinner rundt om i verda som samlast som oss og går gjennom det same opplegget. Den lokale bønnedagskomiteen gler seg og håper det vert ein god flokk med kvinner frå heile Herøy – og området rundt – som nøter fram.
«Kvinnenes internasjonale bønnedag» vart starta av kvinner i USA i 1887. Bakgrunnen var nauda dei såg blant immigrantar og etterkomarar av slavar. Kvinner frå ulike kyrkjesamfunn såg behovet for å samle seg om ein felles bønnedag for dette. Nokre år seinare vart det sett fokus også på dei globale utfordringane.
I dag har bønnedagen (World Day of prayer) komitear i meir enn 170 land og regionar. «Kvinnenes internasjonale bønnedag» ynskjer å knytte ulike raser og tradisjonar saman i eit tettare fellesskap. Med mål om auka forståing for kvarandre slik at dei betre kan hjelpe og støtte kvarandre, også gjennom bønn. På den internasjonale bønnedagen ynskjer kvinner over heile verda å stadfeste trua på Jesus Kristus og dele håp, bekymringer, gleder og sorger med kvarandre.
I Norge starta bønnedagstradisjonen i slutten av 1920-talet og no er det ein eigen bønnedagskomité som legg til rette for dagen saman med lokale komitear. Det Norske Bibelsselskap og Norges Kristne Råd er sentrale i tilrettelegginga for dagen over heile landet, og alle kvinner er velkomne til å vere med.
Arrangør: Den lokale bønnedagskomiteen.
