Home » DÅP, VIGSEL OG GRAVFERD I HERØY

DÅP, VIGSEL OG GRAVFERD I HERØY

DÅP, VIGSEL OG GRAVFERD I HERØY

No har vi alle levd i 7 veker med sentrale smittevern-tiltak og ein stor nasjonaldugnad for å vere med å avgrense smitten av koronaviruset i vårt nærområde.

I kyrkjene våre er framleis mykje av den ordinær aktivitet avlyst. Dåp, vigsel og gravferd vert gjennomført, om enn med litt andre rammer. Vi veit ikkje no vi kan kome tilbake til «normale» forhold.

Vi ynskjer å vere kyrkje for alle de som treng og ynskjer våre tenester, i form av dåp, vigsel og gravferd. Dåp og vigsel er gjerne avtalt lang tid i førevegen, og vi vil veldig gjerne samarbeide med dykk om å gjennomføre dykkar planlagde dåp eller vigsel på ein god måte under gjeldande tilhøve. Vi trur at dette blir fine og gode samlingar for dykkar familie sjølv om dei vert prega av smittevern-tiltaka som gjeld.  

Kva er så gjeldande smittevern-tiltak i kyrkjene i Herøy?

Som for alle andre stadar så er dette viktig:

  • Ingen kjem viss ein ikkje er frisk eller er i karantene
  • Gode sanitærtilhøve i bygget
  • God hygiene i bygg
  • God hand/hostehygiene blant dei som møtast
  • Berre mindre grupper menneske kan samlast
  • Aktivitet skjer i store rom for å unngå tette folkemengder/fysisk kontakt  

På bakgrunn av gjeldande smittevern-tiltak har ein, i samråd med smittevernoverlegen i kommunen kome fram til at alle samlingar vert haldne med berre den næraste familien tilstade og desse samlingane må vere i lokale der ein kan ta tilstrekkeleg smittevernmessige omsyn. I tida framover vil det difor vere mogleg med gravferder i Indre Herøy og Herøy kyrkje,  forsamlingshusa rundt i bygdene og Leikong kyrkje vert difor ikkje brukt til gravferd i denne perioden. Det nasjonale normtalet for slike samlingar er i dag 50 stk., noko som er tilrådd i Herøy kyrkje. Indre Herøy kyrkje har mindre kapasitet og det tilrådde talet for samlingar er der 40 stk.   

Ved gravferd er det normale å søke saman, både ved inngangsdøra, ved utgangen og på gravplassen. Under dei tilhøva vi no har med stor smittefare må vi endre åtferda vår, og vi må halde avstand til kvarandre også ved utgang av kyrkja og på gravplassen. Den nasjonale regelen med at vi unngår grupper større enn 5 personar, gjeld også i desse samlingane.

Vi ynskjer å vere kyrkje for alle også denne perioden. Vi oppmodar om at De nyttar nettstadane www.kirken.no eller www.kirken.no/more. Kyrkjekontoret er å nå både på mail kyrkjekontoret@heroy-kyrkje.no og telefon 700 80 260. Det vil også vere folk på kontoret, men vi oppmodar om at De tek kontakt på mail eller telefon dersom det er mogleg.

Nødvendige heimebesøk, samtaler og soknebod vil verte gjennomførte, men då i tråd med vanlege smittevernreglar.