Home » Bli med på Tårnagenthelg

Bli med på Tårnagenthelg

Laurdag og søndag 07. og 08. mars 2015 inviterer vi deg til å vere Tårnagent i Indre Herøy kyrkje.

Indre Herøy og Leikanger kyrkjelyd inviterer alle 3.klassingane i Indre Herøy og på Leikong til å vere Tårnagentar i kyrkja. Her kan du utforske kyrkja, bibelen, tårnet og klokkene. Agentane vil gjennom desse dagane måtte løyse oppdrag og mysterium, du vil få ein eigen agentkode og på søndagen vil alle som kjem til kyrkja får vite kva agentane har funne ut.

Alle agentane bur heime, men vil vere saman både laurdag og søndag. Agentane møtest i kyrkja laurdag 07. mars kl. 12:00. Vi held på til kl. 15:00. Søndag treffest vi igjen kl. 10:30 og held på til kyrkjekaffien er ferdig ca. kl. 13:00. Foreldre, søsken, besteforeldre og vener blir inviterte til gudstenesta. På den gudstenesta skal alle 3. klassingane få boka Skatten i Liljedal.

Kyrkjetårn, symboljakt eller oppdrag og mysterium

Har du lyst å gå på symboljakt i kyrkja? Lurer du på kva slags mysterium du finn i bibelen? Likar du agentmat? Veit du at det står noko utanpå alle kyrkjeklokkene i landet? Over heile landet vil det denne våren vere agentar i mange kyrkjer over heile Noreg. Vi vonar at du har lyst å vere ein av dei! Det kostar ingen ting å delta.

Påmelding

Påmelding skjer innan 06.03.15 til kbrendmo@gmail.com eller 99331667.

Helsing stab og sokneråd i Indre Herøy og Leikanger kyrkje

Tårn 14