Home » BISKOP FRÅ HUNDEIDVIKA i Herøy kyrkje søndag 27.januar kl.11:00

BISKOP FRÅ HUNDEIDVIKA i Herøy kyrkje søndag 27.januar kl.11:00

Den første biskopen på 50 år som snakkar sunnmørsdialekt blir å høyre i Herøy kyrkje søndag føremiddag. Jan Otto Myrseth vart vigsla til biskop i Tunsberg sist haust. Han er fødd og oppvaksen i Hundeidvika, og ikkje sidan Monrad Norderval var bisp i Nord Hålogaland på 60-talet har kyrkja hatt ein biskop som snakkar sunnmøring..
Myrseth er samtalegjest under gudstenesta i Herøy kyrkje søndag føremiddag. Der vil han m.a. fortelje kva oppveksten i Hundeidvika har betydd for han og korleis gudsbildet og kyrkjesynet hans har endra seg fram til han i dag sit som biskop i Tunsberg. Norunn Stendal Aksnes skal leie samtalen.
Herøy kyrkjekor og Sande kantori, leia av Ines Vatne, deltek også i gudstenesta der Bjørn Leinebø er liturg og Dag Johan Flattun sit ved orgelet.
Kveldsmessa er denne gongen flytta til søndag føremiddag av praktiske grunnar.