Home » BARNEKOR

BARNEKOR

Er du glad i å synge, og har lyst til å bli med i eit barnekor?  Kom og bli med! Det vert oppstart av barnekor i Herøy kyrkje i morgon, onsdag 14.august kl 17.30-18.30. Koret er for barn i alle aldrar, så ta gjerne med deg sysken og vener.

Vi øver også neste onsdag, og har vår første opptreden på familiegudsteneste søndag 25.august. Om nokon har spørsmål, er det berre å ta kontakt.

Vi gler oss, og håpar å sjå deg der! 😀

Venleg helsing 
Karoline H. Kopperstad (korleiar) 
Dag Johan Flattun (kantor)