Author Archive

TV Pastor Egil Svartdahl kjem til Herøy

3.-5 oktober er endeleg TV pastor Egil Svartdahl tilbake i Herøy. Egil Svartdahl er den ettertrakta og folkelege forkynnaren som vi kjenner så godt frå TV skjermen. Han er ein dyktig kommunikator av evangeliet for det moderne menneske.   Gjennom program som “Gudesens konditori”, “Søndagsåpent”, “TV pastoren”, “Pastor på prøve”, og dei siste åra med programmet “Reisen hjem” har Egil
Read more…

Fredrik Græsvik frå TV2 til Herøy kyrkje søndag kveld

Fredrik Græsvik er gjest i kveldsmessa i Herøy kyrkje søndag kveld. Han har vore tilsett i TV2 i 20 år, og er ein av TV2 sine mest profilerte reportarar og programleiarar. Han har vore utanrikssjef i kanalen, og har hatt spesielt ansvar for TV2 si Midtausten-dekning. Han har også vore programleiar for ei rekkje suksess-seriar i TV2.   Søndag kveld
Read more…

Kyrkjekontoret stengt 25-26 september

Kyrkjekontoret stengt torsdag og fredag 25-26 september pga kurs

“Snurr film” – eit nytt tilbod til ungdom i kyrkjekjellaren

Allereie i to år har UNGE JENTER FRÅ 10.KLASSE og oppover fått tilbod om kjekke filmkveldar i ein privat heim. No er tida inne for å utvide tilbodet slik at enda fleire kan få vere med på dette. Difor samlast vi frå no av i Herøy kyrkje, i lokala til fredagstreffet. Der blir det 3-4 filmkveldar i semester og fyrste
Read more…

Temakveld om Bibelen i Herøy kyrkje: Dei 10 boda.

Tysdag 30.september er den siste tysdagen denne månaden, og det betyr at det då er klart for endå ein temakveld om Bibelen i Herøy kyrkje. Emnet denne gongen er Moselova, med Dei 10 boda i spissen. Ein jurist har utforma dette temaet i TV-serien ”Bibelen”. Ho spør gong etter gong i programmet om ikkje bodorda burde ha ein viktig plass
Read more…

Knut Arne Høyvik i Herøy kyrkje

Knut Arne Høyvik er kveldsmessegjest i Herøy kyrkje søndag kveld. Han har vore ein sentral person i fiskerimiljøet på Sunnmøre i ei årrekkje, både som aktiv fiskar, som organisasjonsmann og som politikar. Og han er kjend som ein mann som kan setje ord på meiningane sine, både munnleg og skriftleg. Det som er mindre kjent er at han i oppveksten
Read more…

Temakveld “Abraham” i Herøy kyrkje

Det kokar i Midt-Austen igjen. Det er ikkje første gongen det er ufred der nede. To folkegrupper ligg i strid, og begge kallar seg Abrahams barn. Dette er noko av bakgrunnen når vi tysdag i neste veke samlast til temakveld i Herøy kyrkje. Då er det siste tysdagen i august månad, og det betyr ny temakveld med bibelhistorie. Vi ser
Read more…

Bibeltime i Herøy Kyrkje

Bibeltime i Herøy Kyrkje onsdag 20. august kl 11.00 ved misjonær i NMS Hans-Birger Neergård. Organist er Ståle Helvig och det blir song av Rune Sæter

Herøy kyrkje / diakoniutvalet sin eldretur 2014

Det nærmar seg haust, og planlegginga av årets busstur er i gang. Vi held oss til kystlandskap på denne turen, og besøker kommunane Giske, Ålesund og Sula. Undervegs vert det kaffipause, og middagen nyt vi på ”Fjellstua” i Ålesund. På bussen vert det song, skjemt og alvor og masse god prat. Damene i diakoniutvalet vil ta godt vare på dykk
Read more…

Markering av kystpilgrimsleia

Søndag 27. Juli feirar vi Gudsteneste på Herøy gamle kyrkjestad saman med pilgrimane som kjem med hurtigruta Nordstjernen. Biskop Ingeborg Midttømme vil leie Gudstenesta saman med fungerande sokneprest Bjørn G. Leinebø. Fungnerande biskop i Newcastle, Frank White, vil også ta del i Gudstenesta. Georg Notøy og Marita Refsnes har ansvar for det musikalske. Nasjonal Pilgrimskvartett vil vere med å synge.
Read more…