ASKEONSDAGSGUDSTENESTE!
Velkomen til å gå inn i fastetida i Indre Herøy kyrkje fk onsdag 22. februar KL 19.00! Onsdag feirer vi askeonsdagsgudsteneste i kyrkja. Vi vil be og synge saman, feire nattverd og teikne askekors i panna som ein påminnning om kor sårbart livet er.
Det å teikne askekors i panna er ein gamal og meiningsfull tradisjon: Vi kan nemne “sekk og aske” frå Bibelen (Jesaja 58). Og vi kan tenke på dåpen. I dåpen vart vi teikna med korset. Når vi lar oss teikne med askekorset i panna, viser vi vår tilhøyrsle til Jesus Kristus. Denne tilhøyrsla – å få vere i Guds hender – gjeld både i liv og død.
Herøy kyrkjekor vil synge for og med oss. Sokneprest Solfrid Leinebø Seljås, kantor Dag Johan Flattun og klokkar Oddgeir Valen deltar saman med fleire frå kyrkjelyden.
Dette er ei felles fastegudsteneste på askeonsdag, for alle tre sokna: Leikanger, Indre Herøy og Herøy sokn/kyrkjer. Vel møtt til alle!
